1. Kan tareskogen sin fiende bli matindustri?
Med Brian Tsuyoshi Takeda i Urchinomics.
Lenke til videoMed Brian Tsuyoshi Takeda i Urchinomics.
Lenke til videoSjømatnæringa har vokst superraskt og blitt en av Norges viktigste eksportnæringer. Hvor sårbar er sjømateksporten for internasjonale kriser? - med Finn-Arne Egeness og Botholf Stolt-Nielsen
Lenke til videoSunnmørske Optimar har levert rekordstore fabrikksystem til sjømatnæringane i Russland. Kvifor har den russiske marknaden vore så attraktiv? Og korleis har Optimar vurdert omdømmerisikoen ved å vere involvert i eit land som ikkje er demokratisk styrt?
Lenke til videoKorleis avgjer Innovasjon Norge kva for bedrifter som får støtte og ikkje? Og kvifor gjekk Kjersti Kleven frå verftsindustri til å verte styreleiar for eit selskap som bygger stålbruer? Med Kjersti Kleven i Prodtex og Mari Dorte Michaelsen i Innovasjon Norge
Lenke til videoDet handlar om å få mennesket tilbake kommunikasjonen, «rehumanisering» som Jon-Rune Nygård i CommuRoom kallar det. Han deltar i Mar saman med Unni Grebstad i Ocean Visioneering.
Lenke til videoVi høyrer mykje snakk om korleis Russland sin økonomi skal straffast på grunn av landet sin angrepskrig mot Ukraina. Vi høyrer nesten ingenting om korleis ukrainske forretningspartnarar kan takast vare på. Høyr Håvard Notøy i Fostech fortelje om korleis det er å vite at partnarar i Ukraina gøymer seg i kjellarar. Få også ein økonomisk analyse og personlege tankar frå den ukrainske NTNU-professoren Viktoriia Koilo. Episoden er på engelsk.
Lenke til videoSkal velferdsstaten overleve må dei som kan jobbe faktisk jobbe Hodejeger og mentor Trine Elise Rødal vil hjelpe godt vaksne arbeidssøkarar med å finne ny jobb. Ein av dei er Torill Fure (58) som har vore på 240 jobbintervju dei siste åtte åra
Lenke til videoGunvor Ulstein vart administrerande direktør i Ulstein-konsernet som 29-åring. Ho meiner at altfor lite har skjedd på dei meir enn to tiåra som har gått kva gjeld likestilling i næringslivet. – Vi har jo hatt desse kampanjane i Møre og Romsdal kor vi seier at vi vil ha kvinnene heim til «kvinnearbeidsplassar». Det er det verste eg høyrer. Kven er det, av 23 år gamle kvinner, som utdannar seg til jurist, økonom eller ingeniør som vil heim for å bli tilbode ein «kvinnearbeidsplass», seier Ulstein. Ho er tilhengar av kjønnskvotering, mellom anna i ASA-styrer, så lenge det er nødvendig. Marielle Furnes Mannseth i Norwegian Hydrogen er delvis einig, men har eit langt meir ambivalent forhald til kvotering enn Ulstein. Ho er opptatt av å bli tatt på alvor på bakgrunn av kompetansen sin. Mannseth fortel om korleis ho fleire gonger har vorte bedt av menn i næringslivet om å hente kaffi «du som kan det». Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda. Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten. I denne episoden er debattjournalist Inger-Johanne Ruset medprogramleiar. Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg. Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til tarjei@smp.no.
Lenke til videoNorge manglar 40.000 datautviklarar. Kva konsekvensar har det for samfunnet og næringslivet? Og kva må gjerast? Torill Standal Eliassen frå Avento, Rune Volden frå NTNU og student Henrik Bråthen gjesta Mar.
Lenke til videoBør også Norge bygge ut atomkraft? Jan Emblemsvåg (NTNU) møter Bror Eskil Heiret (Natur og Ungdom) til debatt.
Lenke til video