Årets eldsjel i Møre og Romsdal idrettskrets er Arne Flatin frå IL Hødd.
Han vart overraska med prisen heime hos seg på Ulstein onsdag føremiddag. Flatin har gjennom fleire tiår hatt fleire sentrale sentrale roller i Hødd, spesielt innan fotball og trim. Tre av dei 11 fylkesvinnarane går vidare til landsfinalen under Idrettsgallaen på nyåret.